Child pages
  • TemaOversikt
Skip to end of metadata
Go to start of metadata

Idear til møtetema

Testing og mocking

Få f.eks 4 erfaringsforedrag frå forskjellige prosjekt med fokus på kva som blei testa og korleis. Sikkert greit å prate litt om tekniske verktøy (Selenium/Fitnesse/Cucumber/JMock), men det er kanskje mest interessant å fokusere på "kva" og "kvifor", heller enn "korleis", sidan testverktøy stadig blir demonstrert i andre fora.

Ytelse på ORM-rammeverk

Erfaringar med tweaking og begrensningar av domenemodell, lazy/eager loading, indexering av db-kolonner, bruk av/integrasjon med native queries. Tore Engvik frå Bouvet kan vere ein bra mann å kontakte her.

JMS, MQ og asynkrone tjenestekall

Tema-foredrag om JMS/Spring JMS/EJB MDBs/WebSphere MQ/Active MQ og evt. andre "lettare" rammeverk for produsering/levering/prosessering av asynkrone meldingar. NAV har eit stort fagmiljø basert rundt meldingsbaserte løysingar, bør vere mulig å få fatt i nokon her med god JMS-/MQ-kompetanse, høyr f.eks med Kim Petter Saxlund eller Eivind Staff.

Sikkerheit

Ikkje nødvendigvis berre autentisering/autorisering og tilgangskontroll, men også best practice på validering/sanitizing av brukardata for unngå XSS-misbruk i webapplikasjonar. Secode eller Mnemonic kan f.eks vere firma å kontakte her. Oddbjørn kjenner folk i begge nevte firma og kan vere behjelpelig med å formidle kontakt.

Paneldebatt

SOA 3 år etter

  • No labels